Velkommen

Kristian A. Bjørkelo er ein populær forelesar og skribent, med eit hovudfag i folkloristikk og doktorgrad i spelstudier. Han har undervist i kommunikasjon ved Universitetet i Bergen sidan 2009, og er der ein pådriver for auka arbeidslivsrelevans. Han er ein aktiv formidler innafor ekstremisme og terror som han har studert sidan tidleg 2000-tal, og er ettertrakta ekspertkommentator i media om dette temaet. Han foreles og skriv elles om sosiale medier, kulturhistorie, livssyn og spelkultur.

På fritida er han oppteken av den gode forteljinga, og er veldig glad i ulike former for spekulativ litteratur, film og serier. Han er glad i rollespel, og har skrive fleire rollespelbøker. På instagram kan ein følgje hans nyaste hobby – miniatyrmaling.

Du kan òg lese oppdateringer og noveller frå Kristian på hans Patreon.

become-a-patron-button | Rob Gokee

Kristian A. Bjørkelo tilbyr foredrag, workshops og artiklar innan ei rekkje av hans interessefelt. Han kan mellom anna tilby foredrag om ekstremisme og internettkultur, samt spelkvelder med rollespel og brettspel for å utforske spesielle temaer eller utvikle samarbeidspraksis. Ta kontakt for eit gunstig tilbod.