Internett og kulturhistorie

Kristian er evig online, og ein vassekte innfødd. Tidleg på 90-talet kasta han seg over verdsveven og dei moglegheitane det gav han. Dette har vore inngangsporten for mykje av hans interesser, deriblant ekstremisme og spelkultur. Det er internett som er hans hovudfokus som folklorist og kulturforskar, og han følgjer nøye med på korleis trendar utvikler seg.

Han sporer gjerne desse trendane langt bakover i historia, og vever eit teppe av menneskeleg kultur som er dynamisk og avslørande om kven vi er. Anten det no er om vibratorens historie, kannibalisme eller memer.

Om du vil ha eit foredrag om ukjende kulturhistoriske temaer, underlege sekter og andre menneskelege påfunn så er Kristian tilgjengeleg.