Foredrag og workshops
Ta gjerne kontakt for tilbod på foredrag, workshops og underhaldning. Kristian har lang erfaring med foredrag, både på akademiske konferanser og i utdrikkingslag, og tilpassar form og innhald til dine behov. Om du vil lære, le eller vakse.
Populære foredragstema
Kristian er kanskje mest kjend for sine foredrag om ekstremisme, i ein historisk kontekst med vekt på internett. Han har følgd høgreekstreme miljø i over tjue år, og har lang erfaring med å formidle om temaet. Dette har han òg gjort i artikkel- og bokform.
Kristian er ekspert på arbeidslivsrelevans og praksisretta undervising innan høgare utdanning. Brenn særleg for å synleggjere studenters kompetanse og studienes relevans i arbeidslivet. Om du er ein institusjon som treng inspirasjon og motivasjon på feltet ønskjer han gjerne å smitte deg med sitt engasjement.
Kristian er ein brennande kommunikatør, som har sitt opphav i internett og sosiale medier. Dette har vore tema for mange forelesingar og oppdrag. Om du vil vete meir om korleis di verksemd skal lukkast betre i kommunikasjonen eller du vil lære om internettkulturen som vi omgjev oss med er han klar.
Med doktorgrad i spel og spelkultur, kan Kristian på kort varsel halde lengre foredrag om tilhøyrande tema. Hans fokus ligg på grenser, grenseoverskriding, og han vil gjerne komme og prate med deg om digital kultur, og møtet mellom teknologi og kultur.
Som folklorist er Kristian klar for å underhalde med utdrag frå kulturhistoria. Kristian er ein scenevant hobbyhumorist som likar å fortelje om kjende og ukjende fenomen i kulturhistoria, gjerne med ein unik humoristisk snert. Han har underhaldt både i bursdagar og utdrikkingslag, og haldt show på bar. Høyr han i samtale om vibratorar, kannibalisme og ekstremisme på Rekommandert med Kristopher Schau.
Send førespurnadar til info@bjorkelo.no