Publikasjoner
Eigne bøker
Playing with Boundaries. Empirical Studies of Transgressions in Games and Gaming Culture er Kristians doktorgradsavhandling om grenseoverskriding i spel og spelkultur frå 2022. Basert på utstrakt datainnsamling på nettfora, analyse og design av spel, avhandlinga trekk vekslar på Kristian sine erfaringer som folklorist, medievitar og utforskar av subkulturar på nett. Tilgjengeleg som pdf hjå UiB.
Ekstremisme er ei innføringsbok i ekstremisme som prøver å pakke ut eit ofte brukt, men dårleg forstått omgrep. Der mykje av litteraturen er mynta mot ekspertar og folk med allereie eksisterande kunnskapsgrunnlag, er Ekstremisme mynta på ungdom frå aldar 15 til 50 og ønskjer å skape eit grunnlag for samtale for alle. Tilgjengeleg fysisk og som ebok frå forlaget.
Gi meg en scene! Norsk blogghistorie – ti år med terror, traumer og dagens outfit. (ebok) er ein antologi med tekstar frå kjende bloggarar frå dei første åra med blogging i Noreg. Før det vart rosablogging og «influencers» som talte. Kva prøvde dei å oppnå? Kva motiverte dei til å skrive? Tilgjengeleg som ebok frå forlaget. Kristian har eit par fysiske eksemplar om du tek kontakt.
Dragon in the Smoke, The Marelybone Mummy og Streets of Shadow var nokre bøker med eventyr Kristian forfatta tidleg på 2000-talet til rollespelet Victoriana som han var med å utvikle over lenger tid. Dette inkluderte òg bidrag til Faulkner’s Milinery & Miscallenea og den prisvinnande regelboka Victoriana 2nd edition.
Bokbidrag
«Gli Elfi sono Ebrei con Orecchia a Punta e la Magia Gay»: Come i Nazionalisti Bianchi Interpretano The Elder Scrolls V: Skyrim» i Reset. Politica e videogiochi. Tilgjengeleg som fysisk bok og ebok.
“Motytringar eller jobbjustis? Scenenekt, avlysingskultur og avgrensing av ytringsrommet”, i: Ingen Frihet Uten Ytringsfrihet. Tilgjengeleg frå forlaget som fysisk bok og ebok.
“»It feels real to me»: Transgressive realism in This War of Mine”, i Transgressions in Games and Play. Tilgjengeleg som fysisk bok og ebok.
Utvalte artiklar om spel og spelkultur
“I am… Bothered About D&D” i Eludamos: Journal for Computer Game Culture, Vol 13.
««Elves are Jews with Pointy Ears and Gay Magic»: White Nationalist Readings of The Elder Scrolls V: Skyrim”, i Game Studies, volume 20 issue 3.
“The Asylum Seekers Larp: The Positive Discomfort of Transgressive Realism”, i Proceedings of Nordic DiGRA 2018.
Utvalte artiklar om ekstremisme
«Ti mislukka år», i Dagens Næringsliv
«Er det ein samanheng mellom drapa i Christchurch og spelkulturen?» i FriTanke
“Fascismens unge andlet”, i Samtiden 4/2016.
“The New Fascists”, i Hate Speech International
“Identitærane kjem”, i Humanist 3/2014.
“What Hate Speech is, and isn’t”, i Hate Speech International
«Brunbloggarar og nazileksikon”, i Humanist 3/2012.
Utvalte artiklar om kultur
«Manshaus manglande meining», i FriTanke
«Koronalattaren» i Khrono og FriTanke
«Er det OK å gjere OK?» i FriTanke
«Momo – og andre skumle ulvar i internettskogen» i FriTanke
“Den store damejakta”, i Humanist 1/2015.
«Ytringar utan motstand er ikkje min ytringsfridom», i FriTanke
«Hestehover, toleranse og perversjon» i FriTanke
«Anonyme bøllar og nettkrigarar», i FriTanke
“Slender Man – Døden som går”, i FriTanke
Utvalte fiksjonstekstar
«Ei ny julesoge» i Knokkelklang
«I vindens ekstase» i Knokkelklang
«Spegelen» i Ekstremisme: Noveller. Tilgjengeleg fysisk hjå forlaget.