Idiotiens herrer

Eg fekk for nokre år sidan litt pes for å ha svart utsegnet om at vi nordmenn er eit lesande folk med at «Joda, men det vi les er krim og barnebøker». Og med barnebøker meinte eg her så klart han derre Harry Potter.

Det var ikkje mykje pes.

Dette var radio. Folk høyrer ikkje så mykje på radio.

Det er omtrent som med dei som les.

Vi veit alle at boksalet synk (medan antallet bøker som blir pushet ut auker, og spesielt med AI med på sjølvpubliseringsløpet), og at folk les mindre. Vi har mindre tid, mindre fokus, og så mykje anna som skal gjerast. Vi les mindre, men vi speler meir meiner nokon, medan andre peikar på straumetenester som den store syndaren. Eg likar å tru at fotballkamper har skulda, men har ingen prov anna enn at eg ikkje likar fotballkamper, og personleg smak virker som vere bakgrunn for kritikken av spel som aktivitet, og då må det vere greitt for fotball òg.

Lesing er viktig for våre kognitive evner. Hjerna er ein muskel og lesinga er eit vis å trene den på. Lesing gjev oss innsikt og empati, såvel som kunnskap. Det gjer oss istand til å fordøye og reflektere over lange resonnement og tidslinjer på eit vis som TikTok og Reels ikkje gjer. Og då er det interessant å merke seg at det er først med videkortformatet på mobil at våre kognitive evner virker å svikte. Spel og film har ikkje hatt den same effekten, men forskarar meiner altså å spore kognitiv nedgang til desse nye medieformata.

Og det er ikkje vanskeleg å forestille seg kvifor.

Difor går jo folk – tenkjande gode menneske – mann av huse, når vi høyrer om influensarar som les. Slik som Oskar Westerlin frå Gutta som har fått mykje merksemd for lesinga si, og tilogmed delteke i ein podcastserie om lesinga si på NRK. Tenk, no kjem kidsa til å lese, når sjølv han Oskar les.

Og det får meg til å tenkje på min kommentar for nokre år sidan; klar vi les, men kva vi les har jo noko å seie òg. Og kva vi forstår av det vi les. Er all lesing likeverdig? Like god?

Dette er premissen for kulturredaktøren i Morgenbladet, Berhard Ellefsen, når han kastar seg over Oskar Westerlin sitt leseprosjekt der han mellom annan har lest Fluenes Herre (som overraskande nok ikkje er ein insektsbasert versjon av Ringenes Herre) og misforstått fullstendig og brutalt på kva den boka eigentleg handlar om.

Det er jo ikkje akkurat uventa, er det? Nei, det er jo ikkje det. Så vanlegvis ville eg gått ubemerka hen, men… heilt i byrjinga av sin tekst kjem Ellefsen med ei perle verdig ein Pulitzerpris:

«Det første lille dryppet fra Westerlins møte med romanen, like før oppstart, var ikke mindre bakoversveisskapende. I sin presentasjon av Goldings klassiker uttalte Westerlin følgende: «Boken handler om å bygge et samfunn helt på nytt. Det er interessant at den handler om hva som skal til for å bygge et nytt hierarki, og hvordan komme på toppen av det hierarkiet.» Som jo er litt som å si at Intet nytt fra vestfronten er en roman om effektiv graving av dype grøfter eller at Schindlers liste handler om det spennende livet på en fabrikk.»

Og eg lo. Lo høgt.

Dette avsnittet berre seier ting så klart og tydeleg. Westerlin og hans like les litteraturen slik fanden les Bibelen som dei seier. Og kjenner seg att i dei mest barbariske og usympatiske karakterane – fordi det er jo dei som vinn seg fram her i verda.

Ein vert frista til å psykologisere og fjerndiagnostisere, men skal la vere, men tilrår Westerlin å oppsøkje litt nærdiagnose. Det finnes hjelp å få.

Så la meg tilføye. Det er ikkje berre kva som vert lest som er interessant å drøfte, men korleis det vert lest. For kanskje, berre kanskje, finnes det ei rett måte å forstå ein tekst på, i tråd med forfattaren. Kanskje ikkje alt er like klok tolking? Eg veit ikkje. Veit du?

Liked it? Take a second to support Kristian Bjørkelo on Patreon!
Become a patron at Patreon!

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *